15 mai 2008

Skipper & mate


Ja, det er tittelen på dette herlege kunstverket frå 1913, av Clarence Underwood. For eit motiv! Uredd og tøff dame i skjørt som styrer ein båt i hardt ver medan eit hankjønn klamrar seg fast i redsle! Fann det på eit postkort i serien "Gamledager's postkort" (med apostrof, ja) på Sjøfartsmuseet. Skulle veldig gjerne hatt det i A3-format på stoveveggen.

13 mai 2008

Eit sikkert vårteikn er ...


... når det er heilt openbert at eg må tørka støv av plastblomane på kontoret.

08 mai 2008

8. mai


Det er ei velkjend plage at handelstanden fyller opp med julesjokolade i oktober og påskeharar i februar. Dei sel ofte 17. mai-effektar i god tid òg, men det som til no har vore nytt for meg, er at dei FLAGGAR lenge før! I dag er det ni dagar til 17. mai, men utanfor Bryn senter vaiar norske flagg i vinden allereie. Det same såg eg i går og dagen før der på andre stader. Kva ER dette? Truleg er det den beste pynten dei kan koma opp med for å få folk til å kjøpa 17. mai-stæsj. Dei er desperate. Men eg kjøpte faktisk eit flagg.

15 april 2008

Interiørtipset

I serien interiørtips er vi no komne til prikken over i-en på eit kvart bad med respekt for seg sjølv, nemleg det som på engelsk heiter happy bathroom companion matches. Ikkje nok med at dei er praktiske, dei tek seg ut godt ut òg. Difor er dette altså eit interiørtips. Fyrstikkene sin funksjon blir aller best forklart på baksida av fyrstikkpakken som no står kledeleg ved sidan av badeanda på vasken vår:

07 april 2008

Eg har sydd min fyrste kjole!

Dette var utgangspunktet (vesle meg og eit digert mønsterpapir):

Dette er resultatet (ja, eg greidde det, hurra!!!):

16 mars 2008

Søm & drøm

Mamma var ikkje inne då eg ringde heim i dag, så det var pappa som måtte lytta til alle syprosjekta mine, og som til slutt stilte det høvelege spørsmålet: Ska du bli sydam, kanskje? Ja, kanskje eg skal bli det? Eg skal tenkja på det. Natta etter sykurskvelden på torsdag drøymde eg så vanvittig mykje og komplisert om sying og mønster og tøystoff at eg vakna i ein slags lukkeleg bakrus. Så eg trur i alle fall eg må sy meir, slik at eg får eit litt meir realistisk forhold til det å sy.

Med nymontert arbeidspult/sybord på plass har eg i alle fall byrja innreia min del av arbeidsrommet (etter å ha budd her sidan juli ...), og det viktigaste er sjølvsagt plasseringa av alle stoffa mine. Eg blir så glad (og litt for optimistisk) av å sjå på dei. Dei skal hovudsakleg bli til kjolar og skjørt. Og kanskje blir det nokre dukar av stoffet som blir til overs. Stoffet som ligg øvst blir snart til ein kjole!!! (Framleis optimist)

12 mars 2008

Lettlurt


Eg har vore på leiting overalt etter arbeidspult sidan juli i fjor. Og i kveld, endeleg, den aller første utstillinga som møter meg på IKEA, er MI! Her blir det ikkje berre arbeidspult, nei, men både stol og hyller og skåp. For det var jo så fint SAMAN! Og eg treng fleire hyller, faktisk. Eg fall pladask. Og det måtte nok fleire ha gjort, for bordet var ikkje inne nett no, og stolen måtte vi henta på vareutleveringa. Ikkje var alle hyllelengdene inne, heller. Er ikkje berre eg som er lettlurt, nei. Flinke, smarte IKEA som innreier heimen min! (PS: Men eg kjøpte ei anna lampe - ei som likna)